Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (fredag 21. oktober 2011). Les mer om roperten…

Systemkrise og høgreekstremisme

Kapitalismen er som system inne i si mest djupe strukturelle krise
historisk sett sidan den verdsomspennande depresjonen på 1930-talet, som
byrja i USA. Den noverande krisa tok til for fleire tiår sidan og har
gradvis utvikla seg med oppblåst finanskapital og ekspanderande gjeld
for både real- og finansøkonomien. Dette toppa seg i 2008 i USA med at
spekulasjonsbobla i råtne bustadlån sprakk.

Krisa held fram og på kort tid har børsane endå ei gong store fall.
Nasjonal gjeld og kutt fører til stor arbeidsløyse, dårlegare velferd,
usikkerheit, osb. Krisa no kan vise seg å vera langt alvorlegare enn
depresjonen var på 30-talet.

Denne globale kapitalismen som meir og meir ser ut til å ga på eit
høggir mot stupet, og som ikkje let seg stagge av noko “restaurering”,
gjer også noko med menneska. Fleire samfunnsforskarar, m.a. Scott
Lash og Jonathan Friedman, hevdar at det er ei aukande anatomisering
av samfunnet. Det same gjorde Karl Marx med si tese om mellom-
menneskeleg framangjering. Denne framangjeringa, skriv Lash og
Friedman, oppstår både mellom arbeidar- og herskarklasse, men også
innanfor klassane. Ei individualisering og forsterkning av eg’et, som gjer
at ein vert eigne “øyar” avsondra frå samfunnet sjølv. I dette ligg det at i
den stadig aukande materialismen vert menneska også meir fokuserte
på ting og suksess. Forskarar hevdar at overdreven sjølopptekenheit fører
til ei form for sjølvutsletting, der individet vert noko større enn seg sjølv.
Ein konsekvens av auka narsissisme (sjølvelsking) er at folk sine relasjonar
til samfunnet vert dårlegare. Ein tenkjer meir på å få og ta enn å gje. Dette
kan få enorm innverknad på sosiale system og organisasjonar. Mellom anna
har forskarar funne at folk med “eg har rett til”, og som har kjensle av å
fortjene noko, uavhengig av innsats, skaper seg eit avsondra univers. Det er
eit “eg”, eit “dei” og eit “me”, men ikkje eit “du”. Eg’et kan i dette universet gjere
kva som helst utan å verte korrigert eller la seg korrigera. Eg’et let seg ikkje
ha medkjensle og har ikkje eit tilhøve til du’et. Kan ein person som har kome
i denne kategorien der ein er avsondra frå samfunnet i eit “eg” som ikkje
lenger ser du’et, verte terrorist?

Avsondring frå samfunnet

Går ein inn på bloggmiljøet og det nettverket den norske terroristen
vanka på, der han fekk stadfesta sine haldningar utan motstand, ser ein
jordsmonnet. Der spirer paranoiaen, framanhatet, islamofobien,
pseudofilosofien, fiksjonen, kort sagt hatet mot “dei” andre. I dette
jordsmonnet fekk han næring og som han såg det, ei stadfesting på at
noko måtte gjerast, og at det var “han” som måtte gjere dei grufulle
handlingane me har sett i Oslo og på Utøya, 22. juli.

Den etnisk kvite norske terroristen gjekk i eit forvrenkt og sjukeleg
sjølvbilete til den ytterste handling å drepe ungdomar på AUF sin
sommarleir som eit førspel og byrjing på at noko større skulle hende.
Der han som “moderne tempelriddar” måtte redde Noreg og verda frå den
forræderiske kombinasjon av “kulturmarxistar og multikulturalistar”.
Verda hans var i ferd med å verte overteke av muslimar og deira
medsamasvorne i eit komande “Eurabia”. Terroristen er av fascistisk
avstøyping og hans handlingar fascistiske. Dette jordsmonnet hans tankar
oppstår i er tilstades på ekstreme internettbloggar og i ulike nettverk.
Men ligg dette humuslaget av brun jord også i utviklinga av ei krisetid,
der også kvardagsrasismen får lov til å utvikle seg i kampen for
tilværet? Der tendensen er å finne syndebukkar for ei stadig større
oppfatning av ei usikker framtid? Er det nok å nemne 1930-talet og
depresjonen der sterke leiarar leitte etter syndebukkar som forklåring
på elendet, for å forstå at fascisme kan utvikle seg? Den gongen var
ikkje alternativa sterke nok til å hindre den utviklinga som førte fram
til katastrofen. Kva med no? Er me no klår over farane i eit kriseramma
Europa og dei stadig aukande reaksjonære kreftene i mange land?

Mange utfordringar frametter

I ei stadig råare konkurrerande og krisekapitalistisk verd ligg mange
bobler klare til å sprekke. Då tenkjer eg ikkje berre på dei økonomiske
boblene, men også på dei ideologiske og politiske forkvakla boblene. Kan
eit system, som det kapitalistiske som dominerar den globale økonomiske
orden, produsera terroristar? Her kan ein tenkje gjennom om det direkte
eller indirekte skapast meir politisk og ideologisk baserte
høgreekstreme og andre ekstremistiske handlingar i ei krisetid.
Eit oppblåst sjølvbilete som kompensasjon for manglande tillit til det
samfunnet ein lever i er ikkje nok i seg sjølv til å forklåre ektreme
handlingar. Ei skikkeleg analyse av kva det kapitalistiske system kan
gjere med medkjensle, solidaritet og deltaking, er truleg noko av det
viktigaste me kan gjere frametter. Dei av oss som gjennom folkeleg
deltaking på brei front vil gjere verda til ein betre stad å vera ved å
endre systemet, har mange utfordringar. Likevel er det å håpe at me kan
få fleire med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg
og om dagens kart stemmer med det globale terrenget. Sosialistar OG
mange ellers, ønskjer å byte ut kartet fortast råd er!

  • Ivar Jørdre, Raudt Bergen
Vist 179 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Hmmm… Høyresiden er blitt ganske annerledes i dag. Den (ekstreme) høyresiden som var på 90-tallet var mestedels (“rotløs”) ungdom som fant et fellesskap. Mye ungdom som ønsket å gjøre et opprør.
I dag er det voksne mennesker med dress og slips som sitter bak dataskjermen og sprer tanker, ideologier, noen samles i fellesskap, mange står alene, slik drapsmannen gjorde.
Men noe godt billede av (den ekstreme) høyresiden har vi ikke hatt de siste ti årene. Siden 11 september 2001 har alle krefter vært rettet mot muslimer. Plutselig så en for seg at religiøse minoriteter ville komme fra et fremmed land for å drepe. Dette ga også bensin på bålet til de mer høyreekstreme. Som drapsmannen som innbilte seg han reddet folk fra en enda større trussel, fra enda flere mord og drap, ved å gå ut og drepe selv.

Avsluttet. Tore Bjørgo er terrorforsker på Politihøgskolen. På 1990-tallet var han blant de få som forsket på de høyreekstreme miljøene. Men Bjørgos siste datainnsamling ble avsluttet i 2001, og han sier det mangler ny og omfattende kunnskap om de nye, framvoksende høyreekstreme miljøene.

Finner lite nytt. Bjørgo mener de høyreekstreme miljøene har endret seg mye siden han forsket på feltet. Tidligere var miljøene dominert av unge og søkende mennesker, mens det nå er eldre personer med høyere utdannelse som fronter et høyreekstremt syn. Bjørgo har gått over til terrorforskning, og har ikke kapasitet til å gjøre annen type forskning også.

kilde: http://www.vl.no/samfunn/minimal-forskning-pa-hoyreekstreme/

Exclamation_desat_24

Norske politikere drapstruet på russisk nettside

Ifølge nettsiden skal flere navngitte nordmenn «utryddes» i forbindelse med en antinazistisk markering på Youngstorget 9. november.

På en russisk nettside ble det torsdag lagt ut en skremmende melding om at åtte navngitte personer skal «utryddes» Krystallnatten 9. november i forbindelse med en antinazistisk markering på Youngstorget, som arrangeres i regi av SOS Rasisme.

Arbeiderparti-toppene Knut Storberget, Raymond Johansen, Libe Rieber-Mohn og Eskil Pedersen står alle på listen. Det samme gjør Jan Erik Skretteberg, leder for SOS Rasisme i Buskerud.

– Vi vet jo at frekvensen av vold og drap på både meningsmotstandere og folk man ellers ikke liker er mye høyere i Øst-Europa enn det den er i Norge, så dette er absolutt
LISTEN: Jan Erik Skretteberg i SOS Rasisme er en av dem som blir navngitt på dødslisten. Foto: TV 2
noe man må ta på alvor, sier Skretteberg til TV 2.

Gruppen, som hevder de vil ta opp arven etter Anders Behring Breivik, etterforskes nå av PST.

kilde: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/krim/norske-politikere-drapstruet-paa-russisk-nettside-3628756.html

Disse tar seg lett gjennom Finland -> Sverige -> Norge. Å få med våpen er vel ikke så vanskelig heller, da det er heller avslappet forhold på grensen mellom de nordiske landene. Ut av Russland er vel heller ikke så vanskelig, bare en har litt penger.

Så er spørsmålet, skal en la demokratiet føle seg truet og dermed trekke markeringen 9. november, eller skal en ha et åpent demokrati, vel vitende at en kan bli utsatt for angrep?

Jeg mener sistnevnte er det beste. Hvis en viser frykt og stenger for deler av demokratiet, svekkes demokratiet, det styrkes ikke. Hvis noen idioter kommer og angriper demokratiet vil demokratiet komme styrket ut av det, ikke omvendt. Noe terrorhandlingen som ble utført har vært et bevis på.

Annonse

Nye bilder